Hjortesteik med potetstappa og rotgrønsaker

Ei vakker helg i november inviterte med ned svoger og svigerinna med familie på sundagsmiddag.
Endeleg eit godt høve til å eta opp den hjortesteika som svigermor kom med i fjor.
Og middagen blei meir enn vellukka!
Menyen bestod av: Hjortesteik, potetstappa med bacon i, steikte rotgrønsaker, smørsteikt kantarell og brun saus.
Til middag var me 4 vaksne og 3 barn. Restane som var igjen var nok til ein liten middag for 2 vaksne.

Me hadde ca. 2.7 kg hjortesteik, men noko av det var sjølvsagt bein.
Så kanskje 2 kg med reint kjøt?

 

Hjortesteik

  • ca. 2 kg hjortesteik
  • Salt & Pepper
  • Nøytral olje
  • Smør
  • Timian

Grønsaker

  • Rotgrønsaker (Eg hadde kålerabi, gulerøtter, jordskokk og redikk)
  • Olivenolje
  • Sitron eller sitronsaft
  • Salt & pepper

Smørsteikt Kantarell

  • Kantarell
  • Smør
  • Salt & Pepper

Potetstappa

  • Poteter (1,5 kg? - Eg brukte Kerrs Pink, som eg ganske mjølne)
  • Bacon, i små biter
  • Nokon ss med smør
  • Salt & Pepper
  • Evt. litt mjølk eller fløyte

Brun saus

  • 3 buljonterningar
  • 1,5 liter vatn
  • 6 ss smør
  • 6 ss mjøl
  • Litt fløyte (eg brukte kremfløyte)

 

Det var litt vanskeleg å finne ut kva rekkefølge som var den beste. Men eg anbefalar deg å lese gjennom heile oppskrifta fyrst og tenke igjennom kva som passar best for deg. Vil kanskje anbefale å kutte opp grønsakene fyrst, og gjere det klart. Og deretter skrelle poteter og sette dei på kok. Når den type forarbeid er ferdig, så kan ein begynne å tenke på Hjortesteiken, potetstappa, bacon, kantarell og sausen.

Hjortesteiken

La hjortesteiken ligge i romtemperatur i ca. 30 - 60 minutt før du begynner å tilberede det.

Sett steikeovnen på 125 grader.
Gni kjøttet inn i salt og pepper. Brun hjortesteiken på alle  i ei steikepanna, enten med olje eller smør i.
Ha deretter litt meir smør (ikkje olja) i panna. Drøss timian og smelta smør over steika.
Legg steika i ei eldfast form eller i ei langpanna kledd i aluminiumsfolie.
Putt i steiketermomteret ca midt i den kjøttfulle delen.

Steik på ca. 125 grader.
Oppskrifta eg fann sa at ein skulle beregna ca. 1 time på 1 kg. Me valgte å dele vår steik i to fordi den var så stor (og ikkje avlang).
Me var redd for at den ikkje skulle bli skikkelig steikt heilt inn mot midten. Men me hadde sett for oss at den skulle stå i ovnen i allefall 1 time, men steiketermomteret begynte å pipe etter 30 minutt. Så me måtte ta den ut og skjære litt i den for å sjekke om den faktisk var ferdig allereie, og det var den, faktisk! Så det er ikkje alltid godt å vite kor lenge den skal vere i.

Men når steiketermomteret viser 65 grader, så skal den vere medium pluss.
Ein plass fann eg at 60-65 grader var medium steikt
65-67 grader var medium pluss, og 70 grader var gjennomsteikt.
Eg er alltid redd for at steika blir for tørr. Me tok den ut på 67 grader, og det var heilt perfekt.

Rotgrønsaker
Kutt opp rotgrønnsaker.
Me kutta opp gulerot og kålerabi i lange strilmer.Og redikk i skjever.
Jordskokken kutta me opp i skjever, og steikte på steikepanna med salt og pepper (me skrelte ikkje jordskokken. Skallet var på)
Alle grønnsakene la me i ei eldfast form, hadde litt olivenolje, sitronsaft og salt og pepper over.
Eldfast forma la me inn i steikeovnen saman med hjortesteika.
Eller me la det inn når steika var ferdig, fordi me bomma litt på tida, som du las ovenfor. Men grønsakene var i steikeovnen på 125 grader i sikkert 30 minutt, om ikkje lengre.

Potetstappa
Me skrelte ein god del poteter og satte dei på kok (me bruke Kerrs Pink, som er litt mjølne).
Litt usikker på kor mange eg kokte. Kanskje 1,5 kg? Men dette var kanskje litt mykje. Hadde ein del restar, men så tenkte me at det alltid går mykje potetstappa (både vaksne og ungar elsker potetstappa).

I mens potetene kokte, så kutta me bacon opp i terningar, og steikte desse på panna.
Når potetene var ferdig så moste me potetene i kaserollen, og tilsatte ein del ss med steikesmør, salt og pepper.
Og så hadde me litt fløyte (ev. mjølk) for å få den litt mjukare.

Smørsteikt kantarell

Me steikte litt kantarell i smør, og hadde salt & pepper over.
Dette var veldig godt inntil.

Brun saus

Ein klassisk brun saus. Kok opp 1,5 liter vatn med 3 buljongterningar i, slik at buljongane løyser seg opp.
(5 dl vatn pr buljongterning, slik det står på pakken).
Deretter smelter me 6 ss smør i ein anna kaserolle, og tilsetter 6 ss mjøl.
(på 0,5 dl saus og buljongvatn, bruker eg 2 ss smør og 2 ss mjøl)
Dette bruner eg på middels høg varme til jamninga blir brun (dette er ein tolmodighetsprøve. Så ha god tid. Og rør HEILE TIDA, det er lett for at det svir seg, og då blir ikkje sausen god!). 

Når jamninga begynner å bli brun, så må eg få hjelp av mannen.
På med kjøkkenvifta for fullt, opp med kjøkkenglaset og igjen med stovedøra.
Han rører som ein gal med spiralvisp, og eg har i buljongvatnet litt og litt.
Her snakkar me høg varme, og teamarbeid! Me får det til, som regel kvar gong. 
Det er i slike stunder det føles godt å ha funne sin lojale sausepartnar ;-)

Sausen smaker du til med salt og pepper. Veldig ofte føler eg at ein ikkje trenger så mykje salt og pepper, om ein treng det i det heile tatt. Buljonvatnet er ganske salt i seg sjølv. Men som sagt, smak deg til. Her hadde eg faktisk litt meir fløyte oppi.

Utfordringa med denne middagen var å planlegge slik at alt blei ferdig omtrent samtidig.
Sidan steika blei ferdig tidlegare enn antatt, så krasja dette litt. Men det gjekk greitt.
Så lenge alt er tålig lunka, og sausen er rykande varm, så går det som regel greitt.
 

Får eg tildelt hjortesteik fleire gongar, så har eg oppskrifta for ein komplett og vellukka middag her! :-)
 

4 kommentarer

julietalivstil

13.11.2017 kl.22:59

ser godt ut:)

MMM - Mat Med Mette

14.11.2017 kl.08:11

julietalivstil: Takk for det :-)

Nina

14.11.2017 kl.06:42

Det såg skikkelig godt ut 👏🏻

MMM - Mat Med Mette

14.11.2017 kl.08:11

Nina: Takk for det :-)

Skriv en ny kommentar

MMM - Mat Med Mette

MMM - Mat Med Mette

27, Eidfjord

Dette er ein blogg som hovudsakleg er meint for meg sjølv. Dette er mi digitale oppskriftsbok. På den måten kan eg finne fram til oppskriftene mine, uansett kor eg er. Men følg gjerne med, og prøv ut oppskriftene.

Kategorier

Arkiv

hits