Trøffelkonfekt


I år vart det som sikkert med mange andre, lite julekaker og meir konfekt.
Ein av dei fire sortane eg prøvde meg på var Trøfler.

Du treng:

  • 1 dl kremfløyte
  • 250 gram mørk kokesjokolade
  • 2 ss likør (eg brukte Baileys)
  • Strøssel

Eg dobla oppskrifta, då eg skulle gje vekk i julegåver.

 

Kok opp kremfløyten. Ta kjelen av plata, og knekk oppi litt sjokoladebitar.
La sjokoladen smelta i den varme fløyten. Ha oppi likøren. Muligens ein kunne brukt litt meir enn 2 ss likør her.

Ha kjelen i kjøleskapet over natta.

Trill kuler i henda dine av den stive massen.
Her blir du veldig klissete på henda, skyll henda ofte.
Eg følte at det var enklare å trilla sjokoladekulene når ein var litt småvåt på henda. Så eg skylte meg gaanske ofte.

Trill kulene i strøssel.

Desse trøflane må stå kaldt/kjølig heile tida.
Eg laga dei ca. 2 veker før jul, og det ser ut til å gått greitt.

Kjelde: Det Søte Liv
http://www.detsoteliv.no/oppskrift/troffelkonfekt

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

MMM - Mat Med Mette

MMM - Mat Med Mette

27, Eidfjord

Dette er ein blogg som hovudsakleg er meint for meg sjølv. Dette er mi digitale oppskriftsbok. På den måten kan eg finne fram til oppskriftene mine, uansett kor eg er. Men følg gjerne med, og prøv ut oppskriftene.

Kategorier

Arkiv

hits