Marshmallow Snømenn



Desse laga eg til julebukkane.
Kvifor laga til sånne standard posar/servietter med svett godteri i, når ein kan laga noko litt annerledes?
Ideen fekk eg av ein slektning som laga det i ein barnebursdag.


Du treng:
- Grillpinnar i tre
- Marshmallow
- Melis (+ bittelitt vatn)
- Diverse kakepynt


 

Du trer berre 3 marshmallow på grillpinnane.

Lag til til litt melis i ein kopp.
Fordel litt kakepynt i ein anna kopp.

Så dytter du berre toppen på den øverste marshmallowen i koppen med melis, og så rett over på kakepynten, slik at pynten fester seg i melisen.
Så dyppa eg ein grillpinne i melis, som eg "prikka" på marshmallowsene som auger og knappar, og så festa eg sølvkuler på melisen.

Som ein skjønner så er det kun fantasien som setter grenser for korleis ein vil dekorere desse.

 

Eg brukte, som de ser, sjokoladeglasur til å teikna munn, og til å feste "håret" med. Men det var kun fordi eg hadde ein pakke sjokoladeglasur liggande.
Her kan ein triksa og mixa litt sjølv.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

MMM - Mat Med Mette

MMM - Mat Med Mette

27, Eidfjord

Dette er ein blogg som hovudsakleg er meint for meg sjølv. Dette er mi digitale oppskriftsbok. På den måten kan eg finne fram til oppskriftene mine, uansett kor eg er. Men følg gjerne med, og prøv ut oppskriftene.

Kategorier

Arkiv

hits