Ostekake med Pepperkakebotn, Kvit Sjokoalde og Gløgg-gelè



Tittelen seier seg sjølv - NAM!
Perfekt å lage til eit juleselskap.

 

Du treng:

Pepperkakebotn
250 gram Pepperkaker
125 gram Smør

Ostefromasj
6 plater Gelatin
0,5 dl Vatn
200 gram Kvit sjokolade
400 gram Kremost (eg har brukt Piladephiaost Naturell)
1 dl Melis
1 ts Vaniljeekstrakt
4 dl Kremfløyte

Gløgg-gele
1,5 dl ublanda gløgg
2 dl vatn
4 plater Gelatin


Botnen 
Knus pepperkakene og bland dei med smelta smør. Sett ringen i ei springform direkte på eit kakefat.
Klem kjeksblandingen ned i botnen, og godt ut i kantane, slik at det ikkje blir nokon hol.
Avkjøl i kjøleskapet mens du lagar fromasjen.

Fromasj
Blautlegg gelatinen i kaldt vatn i ca. 5 minutt. Imens smelte du den kvite sjokoladen, enten i vannbad eller i mikroen.
Pisk den smelta sjokoladen med piladelphia-osten, til det blir ei jamn røra. Pisk inn melis og vaniljeekstrakt.
Klem ut vatnet i gelatinplatene, og løys dei opp i ca. 0,5 dl kokande vatn. Rør den blandinga i ostekremen, og rør godt sånn at gelatinene fordeler seg godt.
Pisk kremfløyte i ein anna bolle, og vend kremflløyten inn i ostekremen.

Hell ostekremen over pepperkakebotnen. Sett inn i kjøleskapet og la fromasjen stivne. Minst 4-5 timar, helst over natta.

Gløgg-gele
Til gløgg-geleen blander du ferdigkjøpt gløgg med det angitte blandingsforholdet som står oppgitt på flaska.
(1,5 dl gløgg og 2 dl vatn). Denne balndinga vamer du opp.
Blautlegg gelatinplatene i kaldt vatn i ca.5 min.

 

Knus pepperkakene, smelt smøret og bland dette.
Smør ei springform, men ta ut av botnen av forma. Legg springforma utan botnen, på eit kakefat.
Fordel dei knuste pepperkakene (som er blanda med smør) i springforma på kakefatet.
Klem vatnet ut av gelatinplatene og bland dei ut i gløgg-blandingen.

Vent så til gløgg-blandingen er avkjølt, men fortsatt flytande.
Ha den så oppå kaka. Lat stivne i nokon timar.
(OBS! Viktig at gløgg-blandinga ikkje er for vam, då vil fromasjen smelta og løsna, og det ser ikkje særlig fint ut).

 

Nyt!

 

2 kommentarer

Thea Brandlistuen

22.01.2015 kl.10:13

åå, det så dritgodt ut! :)

MMM - Mat Med Mette

23.01.2015 kl.08:18

Kjempe god, og ein smule mektig ;-) Passe perfekt å servera i eit juleselskap.

Skriv en ny kommentar

MMM - Mat Med Mette

MMM - Mat Med Mette

27, Eidfjord

Dette er ein blogg som hovudsakleg er meint for meg sjølv. Dette er mi digitale oppskriftsbok. På den måten kan eg finne fram til oppskriftene mine, uansett kor eg er. Men følg gjerne med, og prøv ut oppskriftene.

Kategorier

Arkiv

hits